Klipp hekken, senk farten og vær oppmerksom!


Skuleelevar - Klikk for stort bilete

Om litt over ei veke startar skulane opp att etter ein lang sommarferie.Jølster kommune vil oppfordre alle innbyggarane i Jølster til:

 

 

  • å respektere fartsgrensene. Det er 30-sone i alle byggefelt!
  • å respektere skilting i skulens nærområder
  • å senke farten og være forberedt på impulsive handlingar fra yngre barn
  • å vere ekstra oppmerksom ved rygging
  • å klippe hekkar og busker på eigedomane sine (Vegetasjon som hindrar sikt kan føre til farlege situasjonar i trafikken). Hekk og gjerde skal ikkje være høgare enn 50 centimeter ved avkjørselen din. Jølster kommune har sjølvsagt eit ansvar når det gjeld kantklipping langs dei kommunale vegar.