Kjøsnesfjordfondet – søknadsfrist 16. mars 2018

Planlegg du tiltak for å fremje fiske, viltet eller friluftslivet i kommunen? Treng du økonomisk støtte for å få realisere slike tiltak? Då kan du søkje om tilskot frå Kjøsnesfjordfondet.

 

Kjøsnesfjordfondet får årleg innskot på 60 000 kroner. Vi har støtta mange gode tiltak dei siste åra, og i år er det av den grunn totalt 75 000 kroner igjen på fondet (inkl. tilførsel på 60 000 i 2018).

Søknader som kjem inn før 16.mars vert handsama av Utval for plan og utvikling 11. april 2018. Søknader som kjem inn etter 16.mars vert ikkje handsama før til hausten (2018).

Søknaden må vere i tråd med retningslinjer for bruk av fondsmidlar. Søkjarar kan vera lag, organisasjonar, einskildpersonar eller kommune.

Retningslinjene for kjøsnesfjordfondet (PDF, 281 kB)

Meir om kjøsnesfjordfondet

Send søknaden til postmottak@jolster.kommune.no innan 16.mars 2018

 11893757_10152915488446114_622461718404412697_o.jpg - Klikk for stort bilete Laila B. Ommedal