Kartlegging av private avløpsanlegg

Klikk for stort bileteVi har i desse dagar sendt ut brev og skjema til alle innbyggarar i Jølster som er registrert i vårt system som eigar av eitt eller flerie private avløpsanlegg.

Kommunane har eit omfattande ansvar for handtering og utslepp av avløpsvatn. I tillegg til ansvar for utbygging og drift av eigne kommunale avløpsanlegg, har kommunane også ansvar for godkjenning, tilsyn og kontroll med private avløpsanlegg og utslepp.

Vi ber alle eigarar av private avløpsanlegg om å legge inn opplysningar om anlegget sitt via eitt digitalt skjema.

Har du spørsmål om kartlegginga eller har privat avløpsanlegg og ikkje har fått brev frå oss - ta kontakt med Solfrid Trå tlf: 57 72 61 24

Bakgrunn for kartlegginga

Arbeid med tilsyn og kontroll av private avløpsanlegg og utslepp er ein del av dei lovpålagte oppgåver for kommunen og eitt sjølvkostområde. Kommunestyret i Jølster vedtok i desember 2017 å innføre eitt gebyr for oppstart med dette arbeidet.

Systematisk tilsyn vil innebere følgjande:

  • Kartlegging og tilstandsvurdering
  • Tilsynsplan
  • Gjennomføring (synfaring, sakshandsaming)

Gebyret "Tilsyn privat avløpsanlegg" via kommunale avgifter i 2018 og 2019, har gått med til innkjøp av naudsynt programvare, import av data frå Norva (slamtømefirma) og arbeidet med kartlegginga.

På www.norva24.no under fanen «min tank» kan ein finne informasjon slamtømefirma har registert om anlegga. Vi ønskjer i tillegg til dette opplysningar om alder på anlegget, type reinseløysing mm.