Huskonsert med elevar på kulturskulen

Klikk for stort bilete Onsdag 2. oktober var det tid for Huskonsert med elevar i kulturskulen. Vi var samla i det nye og fine musikkrommet på Vassenden skule. I ein times konsert var elevar frå Vassenden, og som har undervisning i gitar, piano, song og fele, samla til ein liten konsert til inspirasjon i vidare utvikling i å meistre sitt instrument. Konserten er viktig for å trene på å opptre for andre, men også lære kunsten å vere ein god tilhøyrar – det å være publium. Ei super avslutning før haustferien! Foto: R. Molvik