Høyring - Framlegg til felles ordensreglement

vassenden.jpg - Klikk for stort bilete Førde, Gaular, Jølster og Naustdal kommunar skal slå seg saman til Sunnfjord kommune frå 1.1.2020. Ved overgang til Sunnfjord kommune er det naudsynt å samordne forskrifter, vedtekter og planverk slik at desse kan bli vedtekne og teke i bruk ved kommunesamanslåinga slik at vi på samanslåingstidspunktet har etablert ein så lik felles praksis som mogeleg.

Skule- og barnehageåret startar i august og går over to kalenderår. Ei så sentral forskrift som ordensreglement bør gjelde frå skulestart.

Styringsgruppa for oppvekst i kommunesamanslåingsprosjektet har oppnemnt ei arbeidsgruppe som har kome med eit framlegg til forskrift for felles ordensreglement i ny kommune. Dette framlegget har vore drøfta administrativt og vert no sendt ut på høyring i tråd med opplæringslova § 9A-10.

 

Sidan forskrifta skal gjelde frå 1. august, er det skuleeigar, kommunestyra i dei fire kommunane Førde, Gaular, Jølster og Naustdal som gjer vedtak. Forskrifta vert først handsama i fellesnemnda som vil gje eit råd til kommunestyra. Forskrifta må og vedtakast av kommunestyret i den nye kommunen når dette er konstituert.

 

Les: Forskrift ordensreglement for skulane

 

Høyringspartar er foreldre, elevar og tilsette gjennom sine organisasjonar.

 

Rektorane pliktar å syte for at framlegget vert teke opp i skulen sine rådsorgan, FAU, SU/SMU og elevrådet.

 

Høyringsfrist er 26. november.  

 

 

Høyringsuttale skal sendast Førde kommune

PB 338, Hafstadv. 42

6802 Førde

E-post: postmottak@forde.kommune.no