Her kan du røyste valdagen

Klikk for stort bileteHer finn du vallokale og opningstider på valdagen til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019. Ta med legitimasjon og gjerne valkort, då går det raskare. 

Vallokale og opningstider 9. september 2019
 
Krins Røystelokale opningstid
Vassenden Gymsal Vassenden ungdomsskule 12.00-20.00
Skei Biblioteket Jølster kommunehus 12.00-20.00

 

Her finn du Vassenden røystekrins

Her finn du Skei røystekrins

 

Transport på valdagen

Fellesnemnda har vedteke at kommunane skal syte for transport til vallokalet for veljerar som har utfordringar med å skaffe transport. Du må sende ein søknad om transport på valdagen til den kommunen du bur i innan torsdag 5. september. Du kan ringe eller sende ein e-post til  postmottak@jolster.kommune.no, tlf. 577 26 100.

Er det andre spørsmål om valet les meir på Sunnfjord kommune si side