Har du parkslirekne på eigedomen din?

Parkslirekne - Klikk for stort bilete Då kan vi tilby 1500 kroner i støtte deg, som mellom anna kan brukast til å betale for sprøyting med Roundup. Alle som Jølster kommune har registert med parkslirekne får i desse dagar brev med tilbod om tilskot. Har du parkslirekne og ikkje får brev, ta kontakt med oss.

Parkslirekne er ei svartelista plante. Den er uønska i Noreg sidan den kan spreie seg fort gjennom planterestar, er svært robust og fortrenger andre plantar. Både kommunen og Fylkesmannen ønskjer å stimulere til at flest mogleg fjernar planten på riktig måte. Jølster kommune har fått tilskotsmidlar frå Fylkesmannen til at dette vert gjort. Arten er vanskeleg å fjerne ved nedkapping aleine. Plantegift som seljast i hagesenter er normalt ikkje sterk nok til å ta knekken på parkslirekne. Sprøyting må difor gjerast av person med sertifikat for bruk av sterkare plantevernmiddel (Roundup).

Vilkår for tilskotet:

  1. Kommunen anbefala metode som vist i rettleiar(side 5-6) frå Fylkesmannen. Det er viktig at du handtera planterestar på riktig måte, slik at du ikkje risikerer å spreie parkslirekne til nye plassar!
  2. Du må vera tilstades under sprøyting, og ha reint vatn tilgjengeleg. Det er ditt ansvar å dekke til plantar som ikkje skal handsamast med sprøytemiddel.
  3. Dersom området er ope for allmenn ferdsle , må arealet som er sprøyta merkast med plakat som er godkjent av Mattilsynet.
  4. Kommunen må ha dokumentasjon (før og etter bilete) som stadfestar at det er gjort tiltak med parkslirekne på din eigedom.
  5. Du må betale for sprøyting sjølv, og får etterbetalt 1500 kroner frå kommunen når vi har fått dokumentasjon på at tiltak er utført og namn på vedkommande som har sprøyta.

Dei 40 første som ønskjer hjelp med sprøyting i år, får tilskot om vilkåra er oppfylt. Om pågangen er større enn det vi har fått tilskot til i år, kjem vil til å søkje Fylkesmannen om meir midlar.

Ta kontakt med kommunen, så kan vi vidarefomidle personar med sertifikat, som har sagt seg villig til å ta på seg slike oppdrag.

Kontakperson: Solfrid Trå Tlf: 57 72 61 24 eller e-post: solfrid.tra@jolster.kommune.no