Har du lyst til å strikke sitteunderlag og tøflar til Dagsturhytta?

Sitteunderlag.jpg - Klikk for stort bilete Har du mykje restegarn som du ikkje veit kva du skal bruke til? Om du har tid og lyst ville vi blitt kjempeglade om du kunne strikke sitteunderlag og/eller tøfler til dagsturhytta vår!

Dagsturhytte inne.jpg - Klikk for stort bilete Bilda er frå hytta i Trivselsskogen på Sandane.

Der har mange flittige hender tatt utfordringa med å strikke underlag til å sitte på og tøfler som kan brukast inne i hytta. Om du har restegarn, tid og lyst til å strikke ville vi og mange turglade blitt kjempeglade! Det vil jo berre gjere hytta  enno trivelegare å besøke og du får vere med å sette akkurat DITT preg på den. Alle bidrag kan leverast til tenestekontoret på kommunehuset på Skei.

Publisert av Laila Bergheim Ommedal. Sist endra 19.02.2018