Hald hundar i band

Hund i band 1 - Klikk for stort bilete

Hjort og anna vilt er no spesielt sårbare. Hjorten lever på sparebluss gjennom vinteren. No er energireservane på det lågaste. Hjorten er difor spesielt sårbare no, fram til graset tek til å grønast. I fjellheimen førebur villreinen seg på kalvingstida. Det vil seie at også reinen er spesielt sårbar, i tida framover.  

Kommunen ber difor om at hunde-eigarar viser særleg aktsemd når dei går tur med/luftar sine fire-beina vener. Hald hunden i band så unngår du at hunden jagar vilt unødig. Vilt som vert jaga, kan i verste fall dø av utmatting.  

Hundelova har reglar for hundehald, som hunde-eigarar pliktar å følgje. Lova slår fast at hundar ikkje skal vere til urimelig ulempe for folk, miljø eller andre interesser (hundelova § 3). Det inneber mellom anna at hunde-eigarar skal ha kontroll på sin hund til ei kvar tid. Det tilseier at sikring med band som hovudregel er påkravd, når ein ferdast i utmark og på offentlege stadar (sjå §§ 3 og 4 i hundelova).