Folkehelse og frivillighet for deg over 65

Folkehelse og frivillighet 2018 - Klikk for stort bilete Det var god prat rundt borda både før og etter innlegga i Borgja onsdag 31.oktober. Arrangementet Folkehelse og Frivillighet skal motivere folk til å gjere aktivt gode val for eigen alderdom

Dette er det tredje arrangementet Jølster kommune inviterer til av dette slaget. Det første var i 2015, og det er innovasjonsmidlar frå fylkesmannen som gjer det mogeleg å lage til eit slikt arrangement. I år blei tiltaket også støtta av Nasjonalforeningen for folkehelsa Jølster Helselag, og av aktivitetsvenn.

I tillegg til Musikkterapi, Demensvennleg samfunn og treningstilbodet Sterk og Stødig var hovudinnlegga heldne av kjende namn. Eva Marie Halvorsen begeistra med skjemt og alvor med kåseriet «Best før, men ikkje dårleg etter» og Atle Hole Sæterbakken motiverte stort til styrketrening og fysisk aktivitet med innlegget «Aktiv alderdom – viktigare enn noko gong!»

I tillegg var det ulike «stands» der ein kunne treffe fagfolka direkte i pausar og etter arrangementet. Fleire etablerte kontakt, og endå fleire tok med seg brosjyrer og annan informasjon heim. Å gjere terskelen lågare for å ta kontakt å spørje om det er noko ein ynskjer å vite meir om er litt av poenget med dette tiltaket.

Hørseltesting frå hørselshemmedes langsforbund var populært, og både velferdsteknologi, demensteam, aktivitetsvenn og fysioterapi var representert frå kommunen.

Folkehelsekoordinator synest det er kjekt å sjå at så mange møter opp når ein steller i stand noko, og takkar alle som bidrog til denne dagen.

Håpar endå fleire ynskjer å vere aktiv og deltakande og nyttar dei mange tilboda vi har i kommunen. Både sosiale møteplassar og treningstilbod. Vi har ein stor eldreressurs i kommunen!