Elfa-korger til fjells

Klikk for stort bileteVi har fått ein del spørsmål i høve funn av elfa-korger høgt til fjells i Jølster. Desse er sett ut i samband med beitekartlegging for villrein i Sunnfjord villreinområde, og skal i utgangspunktet vera merka.

Vi har fått tilbakemelding om at dei på Sundsheia område ikkje er merka, og vi går av den grunn ut med informasjon om kvifor desse er der, og at dei ikkje skal fjernast. Korgene vil bli fjerna når beitekartleggingsprosjektet er ferdig.