Det kan no søkjast om spelemidlar for 2019

Viken1BB.JPG - Klikk for stort bilete Frå 15. juni vart det opna for å legge inn spelemiddelsøknader for tildeling i 2019. Gamle søknader som er godkjent av fylkeskommunen, men ikkje fekk tildeling i 2018, kan og fornyast frå same dato.

Søknader skal sendast elektronisk i skjema som er tilgjengeleg på nettsida www.anleggsregisteret.no.

Anlegget det vert søkt om tilskot til skal inngå i Kommunedelplan for anlegg for fysisk aktivitet, idrett og friluftsliv. Vi har bedt lag og organisasjonar om innspel til rullering av vår plan, frist for tilbakemelding om nye anlegg er sett til 1. juli.

Anlegg det skal søkjast om tilskot til må ha vore gjennom ei vurdering og fått ei idrettsfunksjonell førehadsgodkjenning. Dette er det kommunen som gjer for dei fleste typar anlegg.

Vi minner og om at søknader som er godkjent av fylkeskommunen, men som ikkje fekk tildeling i 2018, må fornye sine søknader. Dette kan og gjerast no.

 

Søknadsskjema er tilgjengeleg på www.anleggsregisteret.no

Føresegnene for spelemiddelordninga finn du her