Delar du brønn med naboen?

Fuglevatnet i retning Skrede2.JPG - Klikk for stort bilete No skal alle små vassforsyningssystem registrerast
Innan 1. juli 2018 skal alle vassforsyningssystem vere registert hjå Mattilsynet. Dette gjeld og dei som er små, til dømes ein brønn som forsyner to hus med drikkevatn. Meir informasjon og lenkje til registreringskjema finn du på mattilsynet.no.

Du kan enkelt registrere frå mobiltelefonen
Registreringa er gratis, og Mattilsynet har utvikla eit enkelt mobiltilpassa skjema for formålet. I skjemaet registerer du vassforsyningssystemet sin plassering ved å markere staden i eit kart, og så skal du registrere nokre få tilleggsspørsmål.

Det er mange fordelar ved å registerere vassforsyningssytemet
Kommunen får tilgang til den registrerte informasjonen frå Mattilsynet. Når kommunen har oversikt over den geografiske plasseringa av dei ulike vassforsyningssystema, kan vi nytte denne informasjonen i arbeidet vårt. Ein slik oversikt kan til dømes vere særs nytting når kommunen legg planar for bruken av areala rundt brønnen og brønnområdet. Oversikta gjer det mogleg for oss å vurdere omsyn til drikkevasskjeldene på eit tidleg tidspunkt.

Drikkevatnet skal vere trygt – også frå små vassforsyningsanlegg
I januar 2017 kom ein ny drikkevassforskrift, som sette tydelegare krav til trygt drikkevatn også frå små vassforsyningsanlegg. Kravet om at alle vassforsyningssystem skal vere registrert står i drikkevassforskrifta§ 17. Ein presis definisjon av kva eit vassforsyningssystem er kan du lese i drikkevassforskrifta § 3, bokstav k. Informasjon til dei minste vassforsyningssystema gjev nyttig informasjon som er spesielt berekna for små vassforsyningssystem..

Abonnentar som er tilknytta kommunalt vassverk treng ikkje å registrere noko. Dett blir ivareteke av Jølster kommune. 

Spørsmål angående registreringa kan rettast direkte til Mattilsynet.

Telefon: 22778857

E post: rebli@mattilsynet.no