Dagsturhytta skal monterast fredag 2. februar

Fjellro - Klikk for stort bilete Førstkomande fredag skal dagsturhytta på Skei monterast. Ver OBS om du ferdast langs E39 forbi Haugen Camping mellom kl 10:00 og 12:00.

Publisert av Laila Bergheim Ommedal. Sist endra 06.02.2018

Elementa til hytta skal fraktast opp med helikopter frå Haugen Camping, der den står lagra no. Det vil bli gjort i 3 løft mellom klokka 10:00 og 12:00.

I og med at hytta står lagra kloss inntil E39 er det greit for bilistar som skal ferdast gjennom Jølster i dette tidsrommet at dei er klare over at dette arbeidet skal skje, slik at fokus blir halde på vegen.

Kommunen vil ha folk til stades som kan varsle vegfarande om at arbeidet pågår.