Dagsturhytta har fått skilt, amfi og rekkverk

Fjellro - Klikk for stort bilete I går var vi oppe og monterte namneskilta på dagsturhytta Fjellro. Det var og sett opp midlertidige skilt i Fygla som syner kor du skal gå når du går opp frå rundkøyringa.

Torleif Ripe er ferdig til helga med å sluttføre arbeidet med dagsturhytta utvendig. Sjå kor flott det blir!Fjellro med amfi og rekkverk 1 - Klikk for stort bilete På nersida er det laga amfi som du kan sitte i og ete nista di, eller berre ta ei pause og nyte utsikta. Det er sett opp rekkverk på amfiet i taket, det som no står att er å sikre amfiet på øversida av hytta og. Til våren skal det beisast.

Vi har sett opp skilt på hytta utvendig og skilta kor du skal gå om du går opp frå rundkøyringa via Fygla:

Skilt - Klikk for stort bilete Skilt - Klikk for stort bilete

Det er bestilt permanente skilt til rutene opp til dagsturhytta både frå Jølster Panorama og frå rundkøyringa på Skei. Desse blir sett opp etter ferien. Til neste år kan stien frå Esso og bli merka for dei som vil gå opp derifrå. No håpar vi berre at mange vil ta hytta i bruk, - den har blitt eit flott turmål!

Om du går inn på kommunen si facebookside kan du sjå fleire bilder.