Dagsturhytta gjort klar for opning

I dag har vi rydda og ordna klar dagsturhytta Fjellro til opning førstkomande søndag kl 13:00 - 15:00. Det er veldig  fint om du som tenkjer å bruke den i denne veka forlet den slik du finn den.Klikk for stort bilete

Fjellro er no gjort klar for opningsmarkeringa som skal vere førstkomande søndag. I ei korg like inn for døra finn du skotrekk til å trekkje utapå skoa dine før du går inn. 

I ei anna korg har vi samla div ting som er attgløymd oppe på hytta: to par briller, ei jakke (str. 10 år), ei blå drikkeflaske og ein hanske. Ta gjerne ein kikk oppi for å sjå om noko kan vere ditt.

Så ynskjer vi alle velkomne til ein kjekk opningsdag no på søndag!Klikk for stort bilete