Bålbrenning - reglar

Jonsokbål - Klikk for stort bilete

 

Kva kan du brenne i tidsrommet 15 april til 15 september?

Kan du brenne i tidsrommet 15 april til 15 september?

 

Bråte:

I tidsrommet 15 april til 15 september kan du brenne bråte /hogstavfall vist det føreligg ein plan og godkjenning frå brannsjefen.

(Ref. Forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn § 8-2)

 

Tilfeldige bål i skog og mark er ikkje tillate utan løyve frå brannsjef.

(Ref. Forskrift om brannførebyggjande tiltak og tilsyn § 8-2)

 

Bål i eigen hage:

Ein gjer merksam på at det er ein del kommunar der ein ikkje har lov til å brenne i eigen hage i tettbygde strøk. Det er då vist til forureiningslova av 13.03.1981 nr.06.

Førde kommune er ein av kommunane der dei handhevar denne lova.

 

Utanom tettbygde strøk er det tillate å brenne hageavfall på eigen tomt, men brenninga må avsluttast før mørkets frambrot.

 

  1. Husk at med ” hageavfall ” meiner ein berre organisk materiale som gras, lauv, kvist osv, og ikkje boss eller anna avfall.
  2. Er det fare for at andre kan oppfatte bålet ditt som ein brann, bør du informere brannvesenet/alarmsentralen før du tenner på. 
  3. Ikkje brenn på dagar med mykje vind. Kan medføre at du misser kontrollen.
  4. Ha alltid tilgang på vatn, og spyl gjerne vatn rundt heile området som skal brennast.
  5. Ta omsyn til naboar slik at ikkje nokon blir ”plaga” av røyk.
  6. Ring brannvesenet på telefon 110 om situasjonen kjem ut av kontroll.
  7. Dersom det kjem inn klage, på f.eks. røyk frå brenninga, kan brannvesenet når som helst rykke ut og slokke brannen.

 

Husk: du brenn på eige ansvar!

 

Brannsjefane.