Åpningsmarkering og turdag til dagsturhytta Fjellro 2. juni

Vi prøver på nytt! Søndag 2. juni kl 13:00 – 15:00 arrangerer vi, i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane, «Den store turdagen» til dagsturhytta Fjellro. Erlend Apneseth kjem, - kjem du?

I fjor haust regna vi jo heilt vekk og måtte avlyse opninga vi hadde planlagt da, så no prøver vi igjen.Vi håpar veret denne junidagen kan vise seg frå si beste side og veit at uansett så vil felespelet til Erlend Apneseth gje ei fantastisk stemning oppe på Hjellasva. 

 

Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane forvaltar overskotet til Sparebanken Sogn og Fjordane. Dei har vore sentrale i finansiering av alle dagsturhyttene i fylket og dette ønskjer dei å markere med arrangementet «Den store turdagen» søndag 2. juni. Det blir premiering av alle barna som deltek. Vi gle oss!

Opplegget for dagen er førebels tenkt slik:

13:00    Oppmøte ved hyttene

  • Erlend Apneseth spelar for oss
  • Representant frå banken ønskjer velkomen
  • Representant frå Fylkeskommunen kjem med helsing
  • Ordførar Oddmund Klakegg foretek den offisielle opninga 
  • Medaljeutdeling til barna

Turdeltakarane tek med eigen mat og drikke. Vi fyrer opp i bålpanna slik at dei som vil kan grille. Så kosar vi oss oppe ved hytta denne dagen. Det vil bli gjort litt arbeid opp ved hytta i forkant av arrangementet, mellom anna skal det leggast litt stein i dei våte partia rundt og lagast espalier under hytta. Dette skal gjerast på dugnad, så vi håpar alt er ferdig til denne dagen. Om du har lyst å bidra med dugnadsarbeid så er det berre å ta kontakt med oss.

Vi håpar å sjå deg på Fjellro denne dagen, - velkommen skal du vere!