Nyhende
Publisert 03.09.2019

Her finn du vallokale og opningstider på valdagen til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019. Ta med legitimasjon og gjerne valkort, då går det raskare. 

Vallokale og opningstider 9. september 2019
 
Krins Røystelokale opningstid
Vassenden Gymsal Vassenden ungdomsskule 12.00-20.00
Skei Biblioteket Jølster kommunehus 12.00-20.00

 

Publisert 30.08.2019

Arrangement og aktivitetar for heile veka finn du på www.friluftslivetsuke.no.

For Sogn og fjordane er desse aktivitetane lagt inn.

 

Publisert 29.08.2019

Motorsagkurs for Jølster 19 - 20. sept på Mo landbruksskule

Torsdag 19.09 kl. 08.30  - 15.30 (TEORI)

Fredag 20.09 kl. 08.30 -15.30 (PRAKSIS)

Eigenandel kr. 750,-

Deltakarar må vere over 15 år og busett i Jølster.

Påmelding innan 16.09 til Jølster kommune: solfrid.tra@jolster.kommune.no

Publisert 28.08.2019

Onsdag 18. september arrangerer Innovasjon Norge i samarbeid med Sunnfjord Næringsutvikling - SNU, ei samling for potensielle etablerarar i Førde.

 

 

Publisert 27.08.2019

Vi er straks klare for ei ny runde med søknad om spelemidlar. Søknadssystemet opnar 1. september.

Publisert 12.08.2019

I samband med skulestarten er det mange nye trafikantar på skulevegane. For å få det tryggast muleg oppmodar vi alle til å ta ein sjekk på hekkar og busker så dei ikkje tek sikten i kryss og liknande.

Publisert 09.08.2019

Politiet har som kjend gjort funn av ein bil i Jølstravatnet, men det har ikkje vore mogeleg å stadfeste at sjåføren fortsatt er inne i den. Så lenge dette er uavklard er det mogeleg at det kan gjerast funn i overflata. Brannvesenet er kjend med at sesongen for flytegarn byrjar laurdag 10. august og meiner dette gjev eit betre søk enn frå båt. I tillegg er det planlagd rydding av strandområda no i helga. Samla gjer dette at vatnet vert godt overvaka utan organisert overflatesøk, og dette vert difor ikkje gjennomførd i brannvesenet sin regi.

Publisert 08.08.2019

Presentasjonar frå innlegg på informasjonsmøte om naturskade 07. august finn du her.

NB! Har du skader, på din eigedom, meld frå om dette til ditt forsikringsselskap ved fyrste høve.

 

 

Publisert 08.08.2019

Vi har fått ein del spørsmål i høve funn av elfa-korger høgt til fjells i Jølster. Desse er sett ut i samband med beitekartlegging for villrein i Sunnfjord villreinområde, og skal i utgangspunktet vera merka.

Publisert 08.08.2019

Mange har vore med på oppryddinga etter rasa sist veke.  Etter initiativ frå Jølster kommune, og i samråd med Jølster jakt og fiskelag, blir det arbeidd med å rydde vatnet og strendene for treverk og anna som er følge av flaum og ras. På laurdag 10. august kl 08.00 samlast vi i bygdene Skei, Helgheim, Årdal, Ålhus, Svidal, Vassenden, Sandal, Myklebust og Dvergsdal/Sunde.