Nyhende
Publisert 16.09.2019

Planlegg du tiltak for å fremje fiske eller friluftslivet i kommunen? Treng du økonomisk støtte for å få realisere slike tiltak? Då kan du søkje om tilskot frå Kjøsnesfjordfondet og/eller Jølstrafondet.

 

 

Publisert 13.09.2019

Jølster kommune v/Næring og miljø melder med dette om at vi har restmidlar igjen i desse 2 tilskotsordningane:

Publisert 09.09.2019

Den 18. september blir det eit informasjonsmøte på Skei om kurs i etablering og drift av ein marknadshage.

Skei i Jølster, Thon hotell - kl 18 - 21

 

Publisert 04.09.2019

Utvida opningstid ved kommunehuset på Skei måndag 2. til fredag 6.september:

Måndag 2.til onsdag 4. september utvida til kl 08.00 - 16.00
torsdag 5. september kl.08.00 - 17.00
fredag 6. september   kl.08.00 - 18.00

 

 

 

Publisert 03.09.2019

Her finn du vallokale og opningstider på valdagen til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019. Ta med legitimasjon og gjerne valkort, då går det raskare. 

Vallokale og opningstider 9. september 2019
 
Krins Røystelokale opningstid
Vassenden Gymsal Vassenden ungdomsskule 12.00-20.00
Skei Biblioteket Jølster kommunehus 12.00-20.00

 

Publisert 30.08.2019

Arrangement og aktivitetar for heile veka finn du på www.friluftslivetsuke.no.

For Sogn og fjordane er desse aktivitetane lagt inn.

 

Publisert 29.08.2019

Motorsagkurs for Jølster 19 - 20. sept på Mo landbruksskule

Torsdag 19.09 kl. 08.30  - 15.30 (TEORI)

Fredag 20.09 kl. 08.30 -15.30 (PRAKSIS)

Eigenandel kr. 750,-

Deltakarar må vere over 15 år og busett i Jølster.

Påmelding innan 16.09 til Jølster kommune: solfrid.tra@jolster.kommune.no

Publisert 28.08.2019

Onsdag 18. september arrangerer Innovasjon Norge i samarbeid med Sunnfjord Næringsutvikling - SNU, ei samling for potensielle etablerarar i Førde.

 

 

Publisert 27.08.2019

Vi er straks klare for ei ny runde med søknad om spelemidlar. Søknadssystemet opnar 1. september.

Publisert 12.08.2019

I samband med skulestarten er det mange nye trafikantar på skulevegane. For å få det tryggast muleg oppmodar vi alle til å ta ein sjekk på hekkar og busker så dei ikkje tek sikten i kryss og liknande.