Nyhende
Publisert 20.09.2019

Pårørandeskule er eit tilbod til deg som har eit familiemedlem eller ein nær venn med demenssjukdom.

Gjennom foredrag og gruppesamtaler får du kunnskap om demens, og kva som kan vere med på å lette kvardagen.

Program for kurset og påmelding (PDF, 27 kB)

 

 

Publisert 16.09.2019

Planlegg du tiltak for å fremje fiske eller friluftslivet i kommunen? Treng du økonomisk støtte for å få realisere slike tiltak? Då kan du søkje om tilskot frå Kjøsnesfjordfondet og/eller Jølstrafondet.

 

 

Publisert 14.09.2019
Har du ein i familien, nabo, ven eller kollega som er ramma av demens? Kanskje er du nysgjerrig, eller er frivillig og vil lære meir om tilstanden og kva hjelpetiltak som finst? Arrangementet er på Kunstmuseet i Sogn og Fjordane (Førde) og er open for alle.

Føremålet med dagen er opplysning, kunnskapsformidling, og å skape openheit  rundt demenssjukdommar.

Tid: Laurdag 28. september 2019 kl 11.00-14.00

Stad: Sogn og Fjordane kunstmuseum, Førde

Meir informasjon og program for dagen

Publisert 13.09.2019

Jølster kommune v/Næring og miljø melder med dette om at vi har restmidlar igjen i desse 2 tilskotsordningane:

Publisert 09.09.2019

Den 18. september blir det eit informasjonsmøte på Skei om kurs i etablering og drift av ein marknadshage.

Skei i Jølster, Thon hotell - kl 18 - 21

 

Publisert 06.09.2019

Lindesnes Trekkspillklubb (LTK) kjem til Skei 20. og 21. september. Klubbens daglege leiar, Rolf «Atti» Eikaas, med røter frå Jølster lovar humørfylt show med fullt trøkk på fredag, og dans til knallgod musikk på laurdagskvelden.  Arrangement er i på hotellet. LTK har vore i Jølster ein gong før, i september 2014. Firda Tidend omtalte den hendinga som «Eit heftig døgn med trekkspelmusikk» og: «Det vart i stor grad ein slagerparade, noko publikum tydeleg sette pris på og kvitterte for med lang og ståande applaus etter den to timar lange konserten».

 

 

 

Publisert 04.09.2019

Utvida opningstid ved kommunehuset på Skei måndag 2. til fredag 6.september:

Måndag 2.til onsdag 4. september utvida til kl 08.00 - 16.00
torsdag 5. september kl.08.00 - 17.00
fredag 6. september   kl.08.00 - 18.00

 

 

 

Publisert 03.09.2019

Her finn du vallokale og opningstider på valdagen til kommunestyre- og fylkestingsvalet 2019. Ta med legitimasjon og gjerne valkort, då går det raskare. 

Vallokale og opningstider 9. september 2019
 
Krins Røystelokale opningstid
Vassenden Gymsal Vassenden ungdomsskule 12.00-20.00
Skei Biblioteket Jølster kommunehus 12.00-20.00

 

Publisert 30.08.2019

Arrangement og aktivitetar for heile veka finn du på www.friluftslivetsuke.no.

For Sogn og fjordane er desse aktivitetane lagt inn.

 

Publisert 29.08.2019

Motorsagkurs for Jølster 19 - 20. sept på Mo landbruksskule

Torsdag 19.09 kl. 08.30  - 15.30 (TEORI)

Fredag 20.09 kl. 08.30 -15.30 (PRAKSIS)

Eigenandel kr. 750,-

Deltakarar må vere over 15 år og busett i Jølster.

Påmelding innan 16.09 til Jølster kommune: solfrid.tra@jolster.kommune.no