Nyhende
Publisert 12.07.2018
Fjellro

I går var vi oppe og monterte namneskilta på dagsturhytta Fjellro. Det var og sett opp midlertidige skilt i Fygla som syner kor du skal gå når du går opp frå rundkøyringa.

Publisert 25.06.2018
Viken1BB.JPG

Frå 15. juni vart det opna for å legge inn spelemiddelsøknader for tildeling i 2019. Gamle søknader som er godkjent av fylkeskommunen, men ikkje fekk tildeling i 2018, kan og fornyast frå same dato.

Publisert 24.06.2018
portrett_carl

Carl Nyborg-Christensen er tilsett som personvernombod for ti kommunar i Ytre Sogn og Sunnfjord (SYS-kommunar). Han skal jobbe for at personvernet til tilsette og innbyggarar vert behandla på ein god måte og i tråd med personopplysningslova. 

Publisert 24.06.2018
Kjøsnesfjorden sommar1.JPG

På grunn av sjukefråvær og ferieavvikling ved tenestekontoret vil det i juni, juli og august verte noko forseinking i utlegging av dokument på postlista på nettsida til Jølster kommune. Vi håpar de har forståing for dette.

Om det er spørsmål, ta kontakt med tenestekontoret på tlf: 57726100

 

Publisert 22.06.2018
Astruptunet og Eikaasgalleriet 033.jpg

Nordplan har på oppdrag frå Jølster kommune laga ei utomhusplan for Eikaasgalleriet. Her kan du sjå korleis dei foreslår området rundt galleriet kan utformast.

Publisert 21.06.2018
IMG_1763

Då kan vi tilby 1500 kroner i støtte deg, som mellom anna kan brukast til å betale for sprøyting med Roundup. Alle som Jølster kommune har registert med parkslirekne får i desse dagar brev med tilbod om tilskot. Har du parkslirekne og ikkje får brev, ta kontakt med oss.

Publisert 15.06.2018
Bolsetnipa - Klakegg Bolset Førs

Tørke har ført til redusert avling på første slåtten, men mykje kan rette seg med ein god andre/tredje slått. Gje melding til kommunen straks du vert klar over avlingssvikt som skuldast klima. Fylkesmannen i Sogn og Fjordane og Landbruksdirektoratet har lagt ut informasjon på sine nettsider om avlingssvikt på grunn av klimaskade, og kva som er viktig å tenkje på i samband med ein eventuell søknad om erstatning.

Du finn meir informasjon her:

https://www.fylkesmannen.no/Sogn-og-Fjordane/Landbruk-og-mat/Jordbruk/Avlingssvikt---dokumentasjon-og-erstatning/

Landbruksdirektoratet

 

Publisert 11.06.2018
Dvergsdalsdalen

Orkavegen i Dvergsdalsdalen vert stengd på onsdag 13. juni frå kl. 09.00 til ettermiddag i forbindelse med arbeid på feristen ved grushola.

Orkavegen kan kjørast frå begge endar, men det blir stengt for gjennomkjøring ved grushola.

 

Om det er spørsmål til dette, ta kontakt med Asle Dvergsdal på tlf: 99202667

Publisert 08.06.2018
Jonsokbål

 

Kva kan du brenne i tidsrommet 15 april til 15 september?