Vis alle

Landbruksproduksjon i endra klima - seminar 28.11 Skei

Reduksjon av klimaavtrykk i norsk landbruk og landbruksproduksjon i endra klima er tema på seminaret som Sogn og Fjordane Landbruksselskap arrangerer på Skei 28. november, kl. 10 - 16

Sogn og fjordane Landbruksselskap kan presentere det som kanskje vert den nye slåttekaren. Han veg rundt 200 kg og kan arbeide på eigahand heile døgnet. Vi snakkar om landbruksroboten Thorvald som er utvikla ved Norges Miljø- og Biovitenskapelige Universitet i Ås.

Endring av vintervêret og forholda i vekstsesongen gjer at landbruksnæringa må tilpasse produksjon og arbeidsmetodar. Prognoser for framtida og vêret i 2017 kan vere signal om kva vi kan forvente som vanlege driftsforhold for landbruksproduksjon. Næringa må ha kunnskap om, og bli bevisst kva som er klimatiltak i dei ulike produksjonane.

Klima- og miljøseminaret er open for alle interesserte; bønder, forvaltning, rådgjevarar, forskarar, politikarar og alle andre som er opptekne av utviklinga i landbruket.

Seminaret kostar kr 200,-. Betaling ved frammøte.

Invitasjon og program

Påmelding på fylkesmannen sine nettsider innan onsdag 22. november.

 

Publisert av Solfrid Trå. Sist endra 16.11.2017 av Solfrid Trå
 
Login for redigering