Områdereguleringsplan for Smiehogen -offentleg ettersyn

 

Det vart i møte for Utval for plan og utvikling, den 11.12.2017, vedteke jf. PBL 12-10 at Områdereguleringsplan for Smiehogen, Plan-ID 1431-2016004, med tilhøyrande dokument skal leggast ut til offentleg ettersyn.

Planen er ei områderegulering der hovudformålet er bustadtomter, samt naudsynt infrastruktur til og i området. Planarbeidet skal opne for direkte utbygging av bustadområde for frittliggjande småhus og for konsentrert småhus (2-4 manns bustad/rekkehus eller liknande), samt sette av areal for framtidige bustadar.

Jølster kommune ønsker også i samband med planarbeidet å legge til rette for utbetring for nokre av utfordringane knytt til kryssutforming ved E39 – kryss til Storetrævegen og kryss Bjørkelia/ Jølstraholmen, samt tilrettelegge for eige areal for Vente-/kvile-/rasteplass for større køyretøy som er skilt frå aktiviteten på bensinstasjon/butikk på Jølstraholmen.

Dokument:   Reguleringskart (PDF, 2 MB)

                     Føresegner (PDF, 79 kB)

                     Planomtale (PDF, 3 MB)

                     Vedtak (PDF, 366 kB)

                     Rasrapport (PDF, 9 MB)

Merknadsfristen er sett til 08. februar 2018.

Eventuelle merknader til planen kan sendast pr. e-post til postmottak@jolster.kommune.no eller som brev til Jølster kommune, 6843 Skei, innan 08. februar 2018.