Kunngjerningar
Publisert 20.03.2019
Brannbil

Jølster brannvesen skal gjennomføre røykdykkarøvelse ved basen til uteseksjonen ( IR10 garagen) måndag 25 mars mellom 18.00 og 22.00. Det blir brukt ein del røyk i samband med øvelsen. Dette er ein ufarleg røyk. Arve Dvergsdal er ansvarleg for øvelsen og kan ved behov nås på tlf 99202666.

Publisert 20.03.2019
Faktura

Vil du sjekke fakturaene dine i Jølster kommune?

Du kan som innbyggar enkelt få innsyn i eigne fakturaer, betalte og ubetalte.

I tillegg kan du søke om betalingsutsetting

Fakturainnsyn Jølster kommune:

Klipp ut lenka og lim den inn i nettlesaren din
https://vismajolster.sysikt.no/citizenselfservice?company=1

 

 

Publisert 13.03.2019
Nytt legevaktnummer.jpg

Annonse frå:  kommunane Askvoll, Hyllestad, Fjaler, Gaular, Førde, Naustdal. Jølster, Balestrand og Høyanger og Nasjonal kompetansesenter for legevaktmedisin (NKLM):

 

Helse- og omsorgsdepartementet ønsker å prøve ut en ny modell for organisering av legevakt i små- og mellomstore kommuner

Modellen skal prøves ut i ditt distrikt.

For å måle effekten av den nye organiseringen trenger forskerne i prosjektet informasjon om befolkningen som bruker legevakt- og ambulansetjenesten
 

Derfor gjennomføres det i perioden 1.februar 2019 til 31.desember 2020 en datainnsamling fra legevakt- og ambulansetjenesten i ditt distrikt. Data som samles inn gjelder din kontakt og bruk av legevakt- og/eller ambulansetjeneste.

Les meir i artikkelen

Publisert 05.03.2019

Sunnfjord kommune varslar med dette oppstart av arbeidet med "Kommunal plan for Idrett, fysisk aktivitet og friluftsliv i Sunnfjord kommune 2020 – 2023». Framlegg til planprogram vart handsama i fellesnemnda for Sunnfjord kommune den 6.2.2019.

Publisert 20.02.2019
strategisk næringsplan 2019

Jølster kommune legg forslag til Strategisk næringsplan for Sunnfjord 2019 – 2022 ut på høyring med frist for innspel 1. april 2019.

Les planen og handlingsplanen her

 

Strategisk næringsplan 2019-2022 (PDF, 3 MB)

 
Innspel til planen kan du sende til Jølster kommune: Ospene 1, 6843 Skei i Jølster
 
 
 

 

Publisert 13.02.2019
Vallogo 2009 farge

Alle parti og grupper som ønsker å stille til kommunestyrevalet, må levere listeforslag til Sunnfjord kommunen innan 1. april 2019, kl. 12.00.

På dette tidspunktet må listeforslaget ha kome til kommunen. Det er ikkje nok at det er postlagt.

 

Fysisk innlevering må leverast til Servicetorget i Førde rådhus, i kontortida (08:00-15:45

Listeforslaget kan òg sendast i posten til:

Førde kommune v/Sunnfjord valstyre

Postboks 338

6802 Førde

De finn rettleiing og informasjon om listeforslag på Sunnfjord kommune si heimeside

 

Publisert 19.12.2018
Vassenden barnehage

 

Det har ved eit uhell gått ut to faktura pr kunde denne månaden.
Dei har likt kidnr. og forfall 29.12.18
Du skal berre betale den eine. Velg gjerne den med høgast fakturanr.

Dei som har avtalegiro må stogge den eine fakturaen slik at den ikkje vert trekt.
 

 

Dersom nokon betaler dobbelt, vil dei få pengane tilbake, men det kan ta litt tid før vi finn ut av det.

Send oss gjerne ein e-post dersom du har betalt dobbelt postmottak@jolster.kommune.no

Publisert 14.12.2018
Klimaplan

 

Førde, Gaular, Naustdal og Jølster kommune har utarbeidd eitt framlegg til interkommunal plan for klimaomstilling i Sunnfjord 2019 – 2030.

Planen er todelt og har ein kunnskaps- og plandel og eit handlingsprogram. Kunnskaps- og plandelen skildrar status, utviklingstrekk, utfordringar og mål for planperioden. Handlingsprogrammet inneheld 32 tiltak for perioden 2019 – 2022, og 10 av desse er prioriterte dei neste 4 åra.

Publisert 12.12.2018
Økonomiplan

Den 11. desember vedtok Jølster kommunestyre budsjett, økonomiplan, betalingssatsar og gebyr for 2019.

 

Her kan du lese kva som vart vedteke på kommunestyremøtet den 11.12.18.

Ved å klikke på vis detaljer under kvar sak kjem kommunestyrevedtaket fram på skjermen. (du treng ikkje opne fila for å lese vedtaket)

 

Publisert 30.11.2018
Brake i vinterkåpe

Formannskapet sitt framlegg til årsbudsjett 2019, økonomiplan, investeringsbudsjett og gebyr for 2019 ligg ute til offentleg ettersyn fram til kommunestyret skal gjere endeleg vedtak den 11.12.18.

Papirkopi av dokumenta ligg også på tenestekontoret.

Slik kan du sende inn merknader:

sende epost: postmottak@jolster.kommune.no

sende brev til:  Jølster kommune, Ospene 1, 6843 Skei i Jølster

Frist for merknad er 10.12.2018