Vis alle

Fotokonkurranse – klimaomstilling – vinn 5000 kr

Bildefil  - Fotokonkurranse 2017.JPG (PDF, 138 kB)Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til fotokonkurranse med klimaomstilling som tema.

Fristen for å sende inn bilete er 6. november.

Sogn og Fjordane fylkeskommune inviterer til fotokonkurranse med klimaomstilling som tema.

Fristen for å sende inn bilete er 6. november. Dei innsende bileta skal syne eitt eller fleire motiv ein meiner fortel noko om korleis vi best bur oss på dei klimatiske endringane som kan kome. Korleis vi kan omstille oss til eit grønare, smartare og betre samfunn?

Kva er klimaomstilling?

Klimaomstilling er den heilskaplege samfunnsendringa vi treng for å kunne skape eit samfunn med lågare utslepp, og der vi er budde på klimatiske endringar som kjem. Du avgjer kva klimaomstilling er for deg! Det kan vere sikring mot ras, dritvêr, klimavenleg landbruk, kortreist mat, kjøtfri mat, sirkulær økonomi, gjenbruk, sykkelveg, elbil, elsykkel eller hybridbåt. Motiva er mange. Vi oppmodar alle til å nytte både kreativitet, fantasi og kunnskap til å tenkje ut og ta bilete av gode motiv.

Premiar

Det blir plukka ut ti finalistar. Vinnarbiletet vinn 5000 kr og blir framsidebilete på den nye regionale planen for klimaomstilling, som Sogn og Fjordane fylkeskommune vedtek i 2018.

Dei andre finalistane vinn premiar på 500 kroner. Alle bileta som blir sende inn kan bli nytta som illustrasjonar i klimaplanen og til anna profilering av Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Konkurransen er open for alle.

De finn meir informasjon og konkurransereglane på sfj.no/fotokonkurranse.

Publisert av Solfrid Trå. Sist endra 26.09.2017 av Solfrid Trå
 
Login for redigering