Vis alle

Folkemøte om utomhusplan for Eikaasgalleriet 25. januar

Astruptunet og Eikaasgalleriet 033.jpg - Klikk for stort bilete

Nordplan har fått oppdraget med å lage ei utomhusplan for Eikaasgalleriet på Ålhus. Planområdet har fleire  utfordringar, ikkje minst når det gjeld gjennomgangstrafikk, tilkomst og parkering. Det skal og sjåast på organiseringa av det offentlege arealet kring galleriet, bruk og tilkomst av strandsona og lyssetting av galleribygget og området rundt.

Astruptunet og Eikaasgalleriet 038.jpg - Klikk for stort bilete

Nordplan var på synfaringpå Ålhus i november og er no i gang med å lage ei konseptskisse med forslag til utbetringar. Denne vil bli presentert som eit diskusjonsgrunnlag på eit folkemøte der vi håpar på mange gode innspel.

Har du lyst til å delta så er du hjarteleg velkomen til folkemøte i Borgja (møterommet i 2. etasje) torsdag 25. januar kl. 18:30.

Vel møtt!

Publisert av Laila Bergheim Ommedal. Sist endra 10.01.2018 av Laila Bergheim Ommedal
 
Login for redigering