Vis alle

Dagsturhyttene tek form

Dagsturhytte - Klikk for stort bilete 26 like dagsturhytter skal på plass i Sogn og Fjordane i løpet av dette året og neste. Åtte vert monterte i haust, og 8. desember opnar den første – i Trivselsskogen på Sandane.

 

Dei andre fem hyttene som blir monterte i haust – i Jølster, Luster, Leikanger, Flora og Eid – blir opna for publikum til våren. 

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 10.11.2017 av Carl-Richard Nyborg-Christensen

Dagsturhytte - Klikk for stort bilete Fysisk aktivitet for alle

Målet med dagsturhyttene er at fleire skal kome seg ut på tur. Samstundes skal alle hyttene ha eit nynorsk turbibliotek, som skal stimulere til leselyst og syne fram nynorske bøker.

Prosjektet såg dagens lys i 2016, då Sparebankstiftinga og fylkeskommunen lanserte ideen for kommunane og fekk overveldande positiv respons.

– Det har gått kort tid frå idé til realisering i dette prosjektet. Både kommunane og andre har jobba raskt og godt med finansiering, avtalar med grunneigarar, formelle søknadar og alt anna. No blir det spennande å sjå hyttene ute i terrenget og ikkje minst kva mottaking dei får, seier koordinator og idémakar Atle Skrede i fylkeskommunen.

 

Lågterskeltilbod for turgåarar

Dagsturhyttene blir i hovudsak finansierte med spelemidlar, med pengar frå Sparebanken Sogn og Fjordane og ved momsrefusjon. Dei skal vere eit lågterskeltilbod for turgåarar, ein stad for å ete nista si, byte kle og få litt varme i seg. Fleire av kommunane vil i tillegg byggje ein utedo i tilknyting til hytta.

– Vi vil gjere det enklare for folk å kome seg ut på tur, noko som er bra for både trivsel og folkehelse. Det er også ei flott merkevarebygging for Sogn og Fjordane, som blir det første fylket med godt merka hytter på sentrumsnære, etablerte turmål i kvar kommune. No er det viktig å få ut informasjon om hyttene og prøve å få opp turaktiviteten blant folk i fylket, seier Pål Fidjestøl i Sparebankstiftinga.

 

Nynorske turbibliotek

Fylkesbiblioteket står bak dei nynorske turbiblioteka, som er del av dagsturhytteprosjektet. Nasjonalbiblioteket har løyvd 400 000 kr til prosjektet i år, og Fylkesbiblioteket har søkt om tilsvarande sum neste år. Målet er å skape aktivitet og stimulere til bruk av hyttene og turbiblioteka.

– Kombinasjonen kultur og fysisk aktivitet er flott, og noko vi har lyst å utforske vidare. Turbiblioteka gir oss ein unik sjanse til å stimulere til leselyst og syne fram bøker på nynorsk. Ved å flytte bøkene ut til folk, treffer vi publikum på nye arenaer. Om vi når nokre av dei som kanskje ikkje er vande med å lese så mykje med barna sine i ein hektisk kvardag, så er det ekstra flott, seier Siv-Merethe Hatlem i Fylkesbiblioteket.

Fylkesbiblioteket legg mellom anna opp til forfattarbesøk og teaterframsyningar i eller ved hyttene. Hyttene skal vere sosiale møteplassar i naturen, som også kan nyttast som til dømes konsertarenaer for Den kulturelle skulesekken.

Helikopter løftar hytta på plass

Hytta er teikna av Rojo arkitekter i Trondheim og blir bygd av Reknes byggevare i Masfjorden. Dei har no seks straks-ferdige hytter i verkstaden sin. Snart startar dei demontering av hyttene, lastar dei på båt, og så set hytter og montørar kursen mot Sogn og Fjordane.

Hyttedelane blir lasta i land så nært hyttetomtene som mogleg og så frakta vidare med helikopter det det er ikkje er bilveg fram til tomta. Det gjeld mellom anna hytta i Gloppen, som skal liggje på staden Draumekvila i Trivselsskogen på Sandane. Hytta i Luster derimot, skal liggje ved sjøen, og blir skipa heilt fram til endeleg destinasjon.

Sjølve montering skjer i veke 48.

Les meir om dagsturhytteprosjektet på sfj.no/dagsturhytta.

Dagsturhytte inne - Klikk for stort bilete

Dagsturhytte - Klikk for stort bilete

 
Login for redigering