Vis alle

Dagsturhytta på Skei - informasjon om helikotertransport og montering

Fjellro - Klikk for stort bilete Vi har no fått tidsplanen for montering av dagsturhytta på Skei. Første helikoptertransport vil skje førstkomande søndag, 14. januar. Då er det fundamenta til hytta som skal fykast opp.

Dagsturhytte utvendig1 (Sogn og Fjordane fylkeskommune) - Klikk for stort bilete

Kommunen har folk oppe på Hjellasva i dag for å fjerne snø frå tomta slik at den skal vere klar til at arbeidet med fundamentering kan skje tirsdag 16. januar. Då kjem folk frå Reknes Byggjevarer LL i Masfjorden, som har levert hyttene, hit til Skei for å gjere  jobben.

Hytta står enno på Sandane, men vil bli frakta hit med bil ein av dei første dagane og lasta av ved Haugen Camping der Ola Fugle har stilt grunn til disposisjon. Takk til han!

Dei tre elementa til dagsturhytta skal fykast opp til Hjellasva onsdag 24. januar og montering vil starte umiddelbart. Dette arbeidet er forventa å ta inntil ei veke.

Dette blir spennande!

Publisert av Laila Bergheim Ommedal. Sist endra 12.01.2018 av Laila Bergheim Ommedal
 
Login for redigering