Vis alle

Aktiv Kvardag i Jølster

kopi 6491 org sRGB web.jpg - Klikk for stort bilete  – Gratis trening med fysioterapeut for deg som er sjukmeld -

Aktiv kvardag på Jølster treningssenter har hatt fysioterapeut Kristine Løvlie som frivillig instruktør sidan oktober i fjor . Treninga er gratis for alle med tiltak frå NAV, og går føre seg i apparatsal. Deltakarane får øvingar som er individuelt tilpassa deira behov og mål. Fysioterapeuten er ein rettleiar som går rundt. Treninga er individuell, men samtidig med sosialt preg.

kopi 6528 1 sRGB web.jpg - Klikk for stort bilete  Alle som får ytingar frå NAV, betalar ingenting for treninga. Dei får også tilbod om honnørmedlemskap på treningssenteret dersom dei ynskjer å trene utanom den oppsette tida for Aktiv Kvardag. Alle som ynskjer å vite meir om dette bes ta kontakt med Kristine Løvlie eller møte opp på treninga. Velkommen til ei triveleg og helsefremjande økt under kyndig rettleiing!

Kristine Løvlie tlf.: 995 96 846

Aktiv Kvardag torsdagar kl.10-11 på Jølster Treningssenter

 

Jølster treningssenter starta som eit initiativ frå eldsjeler som såg behov og mogelegheiter for eit treningssenter i 2011. I dag er det eit flott og moderne treningssenter med mange tilbod. I bygget der det tidlegare blei laga gjærbakst, er det i dag treningssenter 

 

kopi 6508 1 sRGB web.jpg - Klikk for stort bilete

Publisert av Carl-Richard Nyborg-Christensen. Sist endra 08.11.2017 av Carl-Richard Nyborg-Christensen
 
Login for redigering